Informasjon om Kulturnett Møre og Romsdal
Informasjon om Kulturnett Møre og Romsdal

Bakgrunn for Kulturnett
Kulturnett Møre og Romsdal vart oppretta av Fylkeskulturutvalet i april 2004 som eit prosjekt, etter å ha vore innlemma i fylkesdelplan og økonomiplan for 2001-2004, samt diskutert på fylkeskulturkonferansen i 2002. Kulturnett Møre og Romsdal er eit regionalt nett under Kulturnett Noreg.
Kulturnett er i dag ikkje lengar eit prosjekt, men er den offisielle hovudportalen for kultur i Møre og Romsdal. Kulturnett har pr. desember 2006 ei fast stilling og er samlokalisert saman med Interkommunalt Arkiv for Møre og Romsdal.

Mål for Kulturnett
Kulturnett Møre og Romsdal skal vere:
- ein felles innfallsport til kulturtilbod og informasjon i og om Møre og Romsdal på Internett
- ein digital møteplass for kunst, kultur og kunnskap i og om fylket
- ein arena med intensjon om å gi ei mest mogleg samla oversikt på Internett over institusjonar innan kulturlivet, kunstnarar av ulike slag, kulturtema, kulturarrangement og nyhende innan kultur i vårt fylke

Målgrupper
- Kulturnettet satsar på eit breitt publikum, dvs. alle innbyggjarar med kultur som interessefelt. Dette krev allsidig informasjon gjennom dei ulike tenestene.
- Vi satsar på aktuelle miljø som kan levere informasjon til tenestene, dvs. kulturaktørane.

Samarbeid om tenester
Kulturnett Møre og Romsdal samarbeider med Kulturnett Noreg og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane om etablering og drifting av ulike tenester.
Kulturnett Noreg leverer t.d. kulturkalender, temaguide, registre over institusjonar og kunstnarar for vårt fylke, kultur på kart og søkefunksjonar.
Fylkesarkivet i S&Fj. har søkbare databasar med ulikt materiale, t.d. eldre foto, kunnskaps- og artikkelbase og stadnamnbase som vi vil fylle med stoff frå Møre og Romsdal. Dette lokal- og kulturhistoriske stoffet vil gi ein ekstra dimensjon til Kulturnettet.

For å kunne presentere publikum for ei oppdatert og innhaldsrik Kulturnettside med nyhende, informasjonsstoff, kjelder til kunnskap og lenker til meir stoff andre stader, er det naudsynt å utvikle samarbeid med ulike kulturaktørar i fylket.

Sambandet Interkommunalt Arkiv og Kulturnett Møre og Romsdal
Kulturnettet er plassert ved IKA av fleire grunnar:
IKA har råmateriale i form av arkivstoff og er opptatt av formidling/tilgjengeleggjering av dette materialet. IKA er ein fylkesdekkjande aktør når det gjeld offentleg materiale og har eit fylkeskoordinerande ansvar når det gjeld privatarkiv. IKA er òg sterkt knytt til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Lenkjer:
Møre og Romsdal fylke
IKA Møre og Romsdal
Kulturnett Noreg

Kulturnett Møre og Romsdal og IKA
Kulturnett Møre og Romsdal og IKA er plassert i delar av 1. og 2. etasje i bygninga til venstre