HJELPOfte Stilte Spørsmål
Kva er kulturkalenderen?
Kulturkalenderen er ei oversikt over kulturarrangement i Noreg. Informasjonen vert registrert av artistar, arrangørar, organisasjonar og institusjonar over heile landet og vert vist både på arrangøren sine eigne sider, på Kuturnett.no og Kulturnett Møre og Romsdal. Når arrangementsdatoen er over, forsvinn arrangementet frå sidene. Tenesta er gratis.
Korleis registrerer eg eit arrangement?
Gå til Kulturkalenderen på hovudsida eller i toppmenyen og klikk på ”Reistrer arrangement” for å registrere eit enkelt arrangement.
Arrangementa vert synlege i kulturkalenderen etter redaksjonell godkjenning (innan eit døgn).
Dei som ønskjer kulturkalender for eigne arrangement, arrangement lokalt i ein kommune eller eit fylke på eigne sider i eige design, må registrere seg som kalenderkunder. For å søkje om å bli kalenderkunde, kan ein registrere seg på
'http://www2.kulturkalender.no/login.do
Alle norske museum, bibliotek og arkiv som finst i Institusjonsguiden til kulturnettet, samt medlemmer av Kunstnarregisteret, vil automatisk bli godkjende. Alle kulturorganisasjonar med organisasjonsnummer vil som ein hovudregel bli automatisk godkjende.
Spørsmål om det tekniske i høve kulturkalenderen eller spørsmål om arrangement ol. kan rettast til
kulturnett@ikamr.no
Korleis søkje i Kulturkalenderen?
Søkjet fungerer ved at ein veljer ein kategori, ein kommune og ein tidsperiode. Dersom ein ikkje veljer kategori, vil ein søkje blant alle kategoriar, det same gjeld for kommunar. Det er nokre førehandsdefinerte tidsrom, dersom desse ikkje passar søket ditt, kan ein søkje ved å skrive inn "frå dato og til dato" i datofelta. Ein kan òg skrive inn søkjeord, t.d. stad.
Når resultatet frå søket vert vist, kan dette sorterast ved å klikke på overskriftene i blått. Eks: dersom ein klikkar på overskrifta "Kvar", vert lista sortert etter staden arrangementet vert halde. Tilsvarande sortering vil skje på arrangementsnamn, dersom ein klikkar på overskrifta "Arrangement". Sorteringa skjer alfabetisk.
Korleis registrerer eg ein institusjon?
For å registrere ein institusjon i Institusjonsguiden på Kulturnett Møre og Romsdal, send ein e-post til
kulturnett@ikamr.no
Følgjande opplysningar må vere med:
• Namn på institusjonen og eventuelle "kortform"
• Adresse
• Telefon og evt. telefaks
• E-post og evt. heimeside på Internett
• Namn på dagleg leiar eller styreleiar
• Vedtekter
• Kort presentasjon av institusjonen med orientering om organisering, samling(ar) og arbeidsområde og nettressursar
• Årstal for etablering av institusjonen
• Opplysning om institusjonen har administrativt ansvar for andre einingar, og i tilfelle kva for einingar
• Opplysning om institusjonen er administrativt underlagt ei anna eining, og i tilfelle kva for eining
Korleis kan eg få ei oppføring i Kunstnarregisteret?
Kunstnarregisteret er ei vid oversikt over profesjonelle kunstnarar som er norske, busett i Noreg for ein lengre periode eller har anna tett tilknyting til landet. For å kunne stå oppført i Kunstnarregisteret er det ein føresetnad at du arbeider med kunst på eit seriøst fagleg nivå og har verksemd i offentleg kunstrom. Utgjevingar på eige forlag, label, visning av kunst i eige galleri eller på eigne sider på Internett, er ikkje eit fullgodt kriterium for innpass i registeret. Registeret er fyrst og fremst meint for yrkesaktive kunstnarar - kunststudentar vert tildelt plass i registeret om dei kan vise til ei verksemd i det offentlege kunstrommet.
Fyller du krava ovanfor? Ta kontakt på
kulturnett@ikamr.no
Kven står bak Kulturnett Møre og Romsdal?
Nettstaden er eit regionnett under Kulturnett Noreg og støtta av Møre og Romsdal fylke. For meir informasjon:
Klikk på ”Info” og ”Kontakt” i toppmenyen.
Kan eg bruke stoff eg finn på sidene til Kulturnett Møre og Romsdal, på mine sider?
Ein føresetnad er at innhaldet er presentert slik at det tydeleg går fram kvar informasjonen kjem i frå. Ønskjer du å bruke materiale frå ein nettstad knytt til Kulturnett Møre og Romsdal, må du ta kontakt med den einskilde nettstaden for å få lov.
Meir om opphavsrett
her.
Kvar finn eg logoar til Kulturnett.no?
Her kan du laste ned logoar:
http://www.kulturnett.no/om/logo.jsp