Festivalar
Festivalar

Møre og Romsdal har eit variert tilbod av festivalar gjennom heile året. Her er ei oversikt over festivalar som har nettstad. For einskildarrangement, sjå Kulturkalenderen. Her kan ein òg registrere arrangement heilt gratis.

Bjørnsonfestivalen
Årleg internasjonal litteraturfestival i Molde og Nesset, arrangert første gong i 1992.

Dei Nynorske festspela
Årleg festival (sidan 1992) i Aasen-tunet, Ørsta, for feiring av den nynorske skriftkulturen.

Den Norske Dokumentarfilmfestivalen
Festivalen vert arrangert på dugnad av studentane ved Høgskulen i Volda, første gong i 1997.

Den Norske matfestivalen i Ålesund
Årleg festival (sidan 1986) med fokus på produksjon, foredling og konsum av norsk mat med basis i norske råvarer.

Folkedansveka i Ålesund
Festivalen vert arrangert av Ungdomslaget Ivar Aasen.

Gapskrattfestivalen
Revyfestival i Tresfjord med 3 kveldsframsyningar. Premiering. Festivalen går annakvart år.

Giskespelet
Historisk spel med hendingar knytt til arnungane på Giske rundt år 1030.

Gurispelet
Teaterstykket "Fru Guri av Edøy" ble skrevet til 800-årsjubileet til Edøy kirke og oppført første gang i 1990. Informasjon finn ein under Gurisenteret på Smøla kommune sine heimesider.

Herøyspelet Kongens ring
Vikingmusikal med lokal handling frå Olav den heilages tid.

Hjørungavågspelet
Årleg historisk spel på Overåsanden i Hareid.

Jugendfest
Årleg festival som arrangeras i august i Ålesund. Arrangør er Momentium.

Klippfiskfestivalen
Årleg festival kvar sumar i Kristiansund. Informasjon om festivalen ligg under Nordmøre museum og Kristiansund avdelingane.

Kong Arthur-spelet
Humoristisk historisk spel om sagnfiguren Kong Arthur (500-talet) vert spelt på Sandsøya i Sande.

Kristansund Country, Roots & Blues
Årleg musikkfestival.

Kristansund Kirke Kunst Kulturfestival
Kristiansund Kirkelige Fellesråd og Kristiansund kommune står bak denne årlege nasjonale festivalen.

Kulturvekkå
Årleg festival om våren i Tingvoll kommune. Ikkje eiga heimeside, men ein finn informasjon på Tingvoll kommune sin kulturportal.

Maritime dagar
Årleg festival i Gjerdsvika i Sande kommune.

Midtsommerjazz
Årleg jazzfestival som arrangeras i midten av juni i Ålesund. Arrangør er Momentium.

Midsundfestivalen
Kultur, fiske og friluft.

Moldejazz
Molde internasjonale jazzfestival vart arrangert for første gong i 1961.

Naturfestivalen
Festival omkring natur og naturopplevingar i Ørsta.

Nordic Light
Internasjonal fotofestival som vert arrangert i Kristiansund for første gong i 2006.

Nordvesttreffen
Årleg trekkspel-/toradartreff i Aure.

Norsk fjellfestival
Årleg festival i Romsdalen (base på Åndalsnes) med fokus på fjell og friluftsliv.

Norsk laksefestival
Årleg festival i Surnadal med fiskekonkurransar og underhaldning.

Omenås musikkfestival
Årleg musikkfestival i Valldal sidan 2004.

Operafestukene i Kristiansund
To festveker med opera og musikkteater av internasjonalt format.

Radio Ålesund festivalen
Årleg musikkfestival sidan 2008 og vert arrangert i august. Arrangementet skjer midt i Ålesund sentrum og har eigen dag med familieunderhaldning. Festivalen er gratis.

Raumarock
Årleg rockefestival på Åndalsnes sidan 2002.

Rock mot ras
Rockefestival i Todal, Aure kommune.

Sinclairfestivalen
Årleg festival i Rauma og Lesja med hovudvekt på det historiske Sinclairspelet med handling frå Kalmarkrigen 1611-13. Spelet vart første gong framført i 2002.

SMuK festivalen
Festival i Sula med basis i musikken til utflytta sulalendingar, arrangert for første gong i romjula 2005.

Sommerfesten
Årleg festival på Giske. Sommerfesten er Norges største vennefest. Den er gratis og åpen for alle. Arrangør er Momentium.

Stangvikfestivalen
Kammermusikkfestival som arrangerast anna kvart år i Stangvik, Surnadal kommune på Nordmøre. Har vore arrangert sidan 1999.

Sunndal Kulturfestival
Årleg festival (sidan 1996) der musikkspelet "Lady Arbuthnott - Frua på Elverhøy" står sentralt.

Tahitifestivalen
Musikkfestival arrangert på Café Dødeladen i Kristiansund under primus motor Frode Alnæs.

The Convention
Årleg LAN-samling i Kristiansund.

Trebåtfestivalen
Trebåtfestivalen i Ulsteinvik vert arrangert kvart år i august. Arrangøren er Ullaholm Båtklubb, som eig den gamle svenskeskøyta M/S Ullaholm. Kvart år samlar festivalen trebåtinteresserte, tilreisande og lokalbefolkning til ein stor folkefest i veke 33 i august månad.

Trollblues
Årleg festival på Åndalsnes arrangert av Rauma bluesklubb.

Veka i Volda
Årleg arena for kultur og underhaldning for studentar, lokalbefolkning og tilreisande, arrangert første gong i 1985.

Veteranbåtstevne på Otnesbrygga
Årleg arrangement for veteranbåtentusiastar, også kalt Augusttreffet, i Halsa kommune.

Vårsøghelga
Kulturfestival i Surnadal, første gong arrangert i 1995.

Ålesund båtfestival
Årleg. Vart første gang arrangert i 2002.

Ålesund storbandfestival
Festivalen vart første gong arrangert i 2003.

Ålesund teaterfestival
Årleg.