Informasjon om Databasane
Databasetenesta er eit samarbeid med Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane/Sogn og Fjordane fylkeskommune. Fylkeskommunen har lang erfaring i databasedrift, og Fylkesarkivet har brukt mange år på å byggje opp ulik type informasjon i databasane.
Her ligg og link til databasar hos Digitalarkivet for dei som ønskjer å bruke folketellingar eller sjå i kyrkjebøker.
Samarbeidet femner om nettpublisering av ulikt kulturhistorisk materiale, i første omgang foto, stadnamn og kulturhistorisk leksikon (kulturhistoriske artiklar). Etterkvart ser vi for oss ei utviding av databasane til å femne om m.a. musikk (folkemusikk) og gardsleksikon (matrikkelgardar).
Foto
Databasen over eldre foto er kvalitetssikra av FylkesFotoarkivet i Møre og Romsdal. FylkesFotoarkivet har gjennom fleire år vore med i prosjekt rundt om i sogelag og kommunar når det gjeld digitalisering og registrering av eldre fotomateriale. Så snart ei samling er kvalitetssikra, vert ho publisert i databasen ved Fylkesarkivet. Til no er foto frå 19 kommunar, i varierande omfang, publisert i databasen. Som den største samlinga kan nemnast arkivet etter fotograf Sponland i Ålesund med over 48.000 fotografi.
Stadnamn
Stadnamna for fylket vart samla inn under Stadnamnprosjektet i tidsrommet 1985-1995, under leiing av Peter Hallaråker og i regi av Møreforsking. Namna frå Stadnamnarkivet (Møreforsking) vert publiserte i databasen, i første omgong utan uttale og kartfesting. Stadnamna for Norddal er digitalt kartfesta hausten 2005 - som eit prøveprosjekt. Fleire andre kommunar kjem etter.
Eldre arkivmateriale
Databasen over eldre arkivmateriale er katalogar over kommunale, fylkeskommunale og private arkiv som anten er oppbevarte hos arkivskapar eller i sentraldepot hos Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal.
Kulturhistorisk leksikon
Databasen over kultur- og lokalhistoriske artiklar er i oppbyggjingsfasen. Det krev mykje ressursar å byggje denne basen, men det vil kome fleire artiklar etter kvart.
Folketellingar fra 1801, 1865, 1900
Databasen hos Digitalarkivet inneheld folketellingar og nokre kyrkjebøker. Databasen er under oppbygjing, men inneheld allereie mykje viktig informasjon, spesielt for slektsgranskarar og historikarar.
Lenkjer:
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
FylkesFotoarkivet i Møre og Romsdal
Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal
Møreforsking Volda
Digitalarkivet med folketellingar og kyrkjebøker