Månadens kulturminne
Jermannburet på Gossen

Med ei høgd på 99 meter er Jermannburet det høgste punktet på Gossen.

Tidlegare stod det ein bauta på toppen. I dag ligg berre rester av denne tilbake. Arkeologiske utgravingar i 2003 og 2004 avdekka fleire spor etter mogleg religiøs aktivitet ved Jermannburet.

Les meir i Kulturhistorisk Leksikon for Møre og Romsdal

Jermannburet på Gossen



Frå toppen av Jermannburet er det ein fantastisk utsikt! Turstien opp til toppen er utbetra dei siste år av Aukra kommune og Nordmøre og Romsdal friluftsråd. Foto: Jan Aakvik 2005.